søndag 3. april 2011

Dipsolitteraten intervjuer andre bloggere om bøker (2)

Mitt intervju med Jørn Roeim ga så mye velvillig respons at det er like greit at jeg følger opp den lille suksessen.
Nestemann ut er Aina Basso.

1. Du har skrevet og fått utgitt to bøker siden du begynte som blogger, på hvilken måte har forfatterskapet forandret livet ditt ?

På dei fleste måtar. Det som før var ein hobby er no blitt ein jobb, med alt det medfører av endringar både i kvardag og fritid. Den største forskjellen er vel at eg har arbeidd heime og hatt meg sjølv som sjef sidan hausten 2009, med den fridomen under ansvar som det medfører.

2. Har blogging hjulpet deg i skriveprosessen? (Kan bloggingen være en nyttig skriveøvelse?)

Ja, det vil eg seie, men ikkje hovudsakleg i det skjønnlitterære. Blogginga har vore til større hjelp når det gjeld å bli van med eit kort format, til å skrive om litteratur og få grep om noko som liknar meir eit avisformat.

3. Hvorfor begynte du å blogge ?

Eg flytta til Oslo og trong vel ein hobby. Bloggen byrja ein heilt anna stad enn han er i dag og det er ikkje mykje av det opphavlege som er att. Det tok litt tid før eg våga vere litterær i han, men då eg først våga tok eg det heilt ut og no er det vel meir ei heimeside enn ein blogg.

4. Hva mener familie og venner om din boksamling? Kan man si at det gir status å ha mange bøker?

Eg har ikkje så forferdeleg mange bøker, så eg trur ikkje dei meiner så mykje, sjølv om dei nok synest eg har ein del bøker. Eg er ikkje ein samlar, snarare gir eg vekk bøker eg ikkje har utbytte av, så dei ikkje skal ta opp plassen til den gode litteraturen. Eg er elles ein tilhengar av biblioteket. Eg synest ikkje det er status i å eige mange bøker. Å eige noko har lite å seie, det er jo om ein får noko vettugt ut av dei ressursane som finst som har betydning.

5. Ditt hus står i lys lue! Efter å ha reddet katter og hunder, samboer, svigermor, mormor og de 8 ungene ut av huset og i sikkerhet fra flammenes rov, så har du 5 sekunder på å redde deg selv og én bok. Hvilken bok velger du?

No måtte eg tenke lenge: har eg nokon bøker som er uerstattelege?
Svaret er nei, eg har ikkje det. Alle bøkene eg har kan eg lett få tak i på nytt, så eg tek med MacBook'en i staden.

6. Det er en del folk som har hjem der det ikke finnes bøker. Hva mener du om slike mennesker ?

Alle er ikkje opptekne av litteratur. Eg er ikkje oppteken av sport, men ventar at folk ikkje skal sjå ned på meg av den grunn. Eg ser ikkje ned på nokon med andre interesser enn meg sjølv og tenker at dei kanskje ikkje går glipp av så mykje, heller. Om ein ikkje får noko ut av å lese, om ein ikkje er skapt slik at ein finn noko meiningsfullt i bøker, korfor skal ein lese då? Eg er slett ikkje sikker på at teorien om at alle blir betre menneske av å lese bøker stemmer, men det er vel helst slikt ein ikkje skal seie høgt. Og kanskje tek eg feil, eg har ikkje den fulle og heile oversikta over det menneskelege og kva som vil føre til ei positiv utvikling av menneskeslekta. At kunnskap er positivt meiner eg, så lenge ikkje denne kunnskapen blir misbrukt for å skade og undertrykke andre mindre heldige, noko han òg kan bli.

7. Fortell litt om boksamlingen din.

Som nemnt har eg ikkje ei enorm boksamling. Lat oss seie at eg eig 600 bøker. Eg har ein bokhyllevegg i leilegheita mi, samt ei samling barne- og ungdomsbøker i barndomsheimen min.
Eg byrja vel først verkeleg kjøpe bøker etter eg byrja tene pengar og jobba ein stad som både hadde platebutikk og bokhandel i same lokale. Før det var bøker slikt eg fekk i gåve, gjennom bokklubbar eller lånte på biblioteket.

8. Det er hårfine nyanser mellom Samlerglede og Samlermani; Besettelse og Den rene skjære Galskap. Hvor plasserer du deg selv ?

Sunn og frisk, eg passar ikkje inn i nokon av kategoriane dine.

9. Hva om du måtte kvitte deg med 90 % av bøkene. Hvilken type bøker finner først veien til containeren ?

Eg ville nok først kaste underhaldningslitteraturen. Det vil seie: eg ville jo ikkje kaste bøkene, eg ville gi dei vekk til nokon som kunne få bruk for dei.

10. Utgis det for mange bøker her i landet ?

Vanskeleg spørsmål. Kanskje? Det blir iallfall gitt ut veldig mange, noko som fører til at mange titlar ikkje finn vegen til lesarane og lever eit kort, trist liv i gløymsle, utan glede eingong for forfattaren.

11. Papirbok eller E-bok, - og hvorfor ?

Eg er glad i lukta og kjensla av papir, eg er ein bokromantikar. Men eg ser ikkje vekk frå at eg vil skaffe meg eit lesebrett med tid og stunder, sjølv om eg no er mest oppteken av lesebrettet som eit lett verkty for bunkane med møtepapir.

12. Har romanen en framtid ?

Ja, det trur eg. Romanen er ein av dei mest populære litterære sjangrane, med mange underformer. Eg trur ikkje vi treng bekymre oss for romanen.

--- 

Takk for at du stilte opp, Aina!    
            

9 kommentarer:

  1. Ordet "bokromantiker" har jeg ikke hørt før, det var en god betegnelse som jeg adopterer :)

    Takk for nok et interessant intervju!

    SvarSlett
  2. Hyggelig det, bokelskerinnen!

    SvarSlett
  3. Et interessant intervju. Jeg reagerte først negativt på den svært ydmyke holdningen til lesingens verdi, men ved nærmere ettertanke er det selvsagt ikke selve lesingen som har verdi, men hva den gjør for oss og med oss, og det er ikke sikkert vi blir bedre mennesker nei, men ikke ville jeg gått glipp av den utvidelsen av verden som lesingen har gitt meg og ikke skjønner jeg hvordan jeg skulle ha opplevd noe tilsvarende på annet vis.

    SvarSlett
  4. Dette er veldig moro, Geir! Takk skal du ha!

    SvarSlett
  5. Janke: Å, jeg ber... det var da så lite !

    SvarSlett
  6. Det är så spännande att läsa dina intervjuer! Jag följer med stort intresse!

    SvarSlett
  7. Og hyggelig å ha svenske lesere. Tilogmed uten å ha blitt oversatt!

    SvarSlett
  8. Å ja! - det er veldig hyggelig å bli spurt, Dipso. E-post: lise@snirkelsnakk.no

    SvarSlett
  9. Hej, jeg er en udenlandsk långiver, jeg besluttede at yde kort, mellemlang og lang løbetid til ærlige mennesker, der på trods af deres månedlige indkomster kæmper for at opfylde deres grundlæggende behov. Renten på lån er 2% af hele lånet, og lånevilkårene er meget enkle. De ønskede lån opnås inden for få timer efter indgivelsen af ​​ansøgninger. hvis interesseret kontakt os via
    E-mail: (GONZALEZANDRESLOAN@GMAIL.COM)

    VI KAN FINDE FØLGENDE:

    • Lån til alle
    • Udbetaling af lån på alle former for fast ejendom
    • Flerfamiliehus / lejlighedskomplekser
    • Lån til investorens
    • Bridge Loans / Mezzanine Financing
    • Lån til udenlandsk købers
    • Kommercielle lån
    • Jord / Byggeri
    • Nyt kommercielt / flerfamilieprodukt, med en lav rente på 2%
    • Lånebeløb: 3.000 euro - Over

     Hvis interesseret bedes du kontakte os med en konstant ledsager af kredit gennem dette;

    Gonzalez Andres Financial Company;
    E-mail: (GONZALEZANDRESLOAN@GMAIL.COM)
    Mr. Gonzalez J. Andres

    SvarSlett

Nei, ikke nøl, men skriv en riktig god kommentar !